Denne kronikken er skrive av Carl-Fredrik Lehland, dagleg leiar i Cadre, og vart først publisert i NRK Ytring.
Moglegheiter til å lage meir straum ligg urealisert rett utanfor stovedøra til folk, over heile Noreg.
Noreg treng kolossale mengder med fornybar kraft dei neste åra. Likevel blir det diskutert stadig meir konfliktfylte løysingar. Svaret er langt frå så vanskeleg, viss me berre vil.
Situasjonen er alvorleg. Statnett varslar om eit kraftunderskot allereie i 2027. Likevel manglar me som nasjon både kriseforståing og ein plan for korleis dette skal løysast. I debatten som rasar, høyrest det ut som all tenkjeleg energiproduksjon anten:
- Tek opp store areal og fører til store miljøinngrep.
- Rammar urfolk og rettane deira negativt.
- Krev enorme subsidiar.
- Eller uansett ikkje kan byggjast ut dei neste 20–30 åra.
Men, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), ligg det minst 41 konsesjonssøknader om ein type energiproduksjon som ikkje blir ramma av eitt einaste av desse punkta; småkraftverk. Småkraft er vasskraftverk med ein effekt på mellom 1 og 10 MW, som vil seia at dei kvar for seg dekkjer energibehovet til nokre hundre eller tusen norske husstandar. Kanskje er det derfor dei har vorte heilt gløymde både i den politiske debatten og i prioriteringane til NVE.
Men mange bekker små, gjer som kjent ein stor å. Den norske småkraftbransjen produserer i dag heile 8 TWh fornybar energi. Det er over 5 prosent av den totale kraftproduksjonen i landet vårt.
Endå viktigare: Me kan byggja ut 8 TWh til med ny småkraft dei neste få åra. Endå kraft til alle husstandane i Fredrikstad, Sarpsborg, Tromsø, Ålesund, Kristiansand og Drammen – samla. Det høyrest nesten for godt ut til å vera sant, men krev berre at det faktisk blir lagde til rette for det.
Tidlegare i år skreiv NRK om småkraft-eigar Ole Tom Eftestøl, som allereie har venta i fem år på å få behandla konsesjonssøknaden sin. Han ventar framleis. NVE seier meir eller mindre rett ut at kvart av desse prosjekta blir for små til å prioriterast: «Me vil prøva å behandla enkle, godt førebudde saker innimellom dei store sakene, men me vil prioritera å sjå på dei anlegga som gir mest kraft og mest effekt først», seier direktøren for energi- og konsesjonsavdelinga til NRK.
Eg lever av å utvikla og driva småkraftverk, og har openbert ei sterk eigeninteresse i at både politikarane og NVE tenkjer og prioriterer annleis. Me i Cadre har enorme ambisjonar dei neste åra, som krev at dei gjer det. Men kvar gong ein ny kontroversiell energiproduksjon blir framstilt som neste moglege løysing, gremmes eg over situasjonen.
Debatten om Melkøya har endå ein gong aktualisert det enorme behovet Noreg har for meir fornybar energi. Noreg treng 40 nye TWh innan 2030, ifølgje Energikommisjonen. Ole Toms småkraftverk, som vil laga nok straum til 200 husstandar, løyser ikkje det åleine. Men han kan setja i gang bygginga i morgon. Det kan mange hundre andre grunneigarar også – kapitalen er tilgjengeleg, men søknadsprosessen i NVE tek for lang tid. Det kan og må me endra raskt, skal me vera i nærleiken av å lykkast med den nødvendige energiomstillinga Noreg står ovanfor.
Det var gledelege nyheiter at regjeringa fredag lova 135 millionar til å styrke NVE, men det trengst mykje meir. NVE vil få endå færre ressursar til å behandla konsesjonssøknader på småkraft, no som Finnmark og prosjekt som er relevante for Melkøya skal prioriterast særskilt. Dei fleire titals småkraftmoglegheitene i Finnmark blir neppe prioriterte, der heller. Samtidig diskuterer politikarane ivrig energiproduksjon og prosjekt med store nedsider, både miljømessig og økonomisk.
Småkraftprosjekt representerer eit berekraftig og lokalt forankra alternativ til dei store kraftverka som ofte krev store inngrep i naturen.
Ved å utnytta mindre vassdrag og vassressursar, kan me produsera store mengder fornybar energi, samtidig som me minimaliserer miljøpåverknaden. Moderne småkraftverk får mykje ut av elva, utan å ta meir av elva. Dette er heilt i tråd med ambisjonane som Energikommisjonen har sett for Noregs overgang til meir fornybar energi.
På toppen av det heile, er småkraft god distriktspolitikk. Grunneigarar, som ofte er bønder, får ei føreseieleg og kjærkommen ekstrainntekt. Kommunar, ofte i elles næringsfattige område, får ei ny og stødig skatteinntekt.
Her ligg det ei kjempemoglegheit for både regjeringa og opposisjonen. NVE må få alle ressursane dei treng, prioriteringane må ta omsyn til det store biletet og den knappe tida Noreg har.
Då vil småkraft vera ein stor del av løysinga.